laurdag 27. desember 2008

Nokre glimt frå julefeiringa vår....

Ei lita helsing til alle bloggarar frå familien Høistad Aakre. Håper du har hatt nokre fine juledagar, og vi ynskjer deg og dine ei fortsatt fin Jul.
Her er nokre bilete av vår julefeiring.
Det har blitt nokre turar desse juledagane, og 2. juledag var det romjulsmarsj med registrering på Framtun.
Her er Bestemor, Audun og Torbjørn nedom Stabogarden på Nogva. Kristian framfor bautaen av Olaus Johannes Fjørtoft.
Mamma i god driv...
Julenissen...?
...Og sjølvsagt kaffi og kaker igjen.....
Etter romjulsmarsj var det middag og tid til kos framfor tv`n
Etter pakkane var opna, var det kaffi og kaker nede med oldemor og oldefar. Med mykje godt på bordet, vart vi god og mett endå ein gong..... Bestefar og Torbjørn kosar seg med teiknefilmar....
Audun i sving med dei nye grytene han fekk. Kanskje det bir kokk av denne karen.....?
Bøker er noko av det kjekkaste gutane veit, og heldigvis vart det omkre nye i år ogsa. Historiene om Gubben og katten er favoritt for tida, og det var akkurat det som var i denne pakken.
Gutane fekk kvar sine spel også, og det var populært. Torbjørn fekk Ugler i mosen spel, og Audun fekk dyre lotto. Her spelar dei saman med bestemor.
Det var både store og små born som var ivrige pakke-opnarar. Audun fekk mykje duplo, og mamma åtte opne eska i full fart so han fekk leike seg med politibåten.
Go`gutane og han pus står spent attmed juletreet......det var fole lenge å vente på at vi skulle opne pakkar.....
Vi feira julaftan på Nogva med bestemor og bestefar. Det var kjempekoseleg. Her er juletreet med ein del av pakkane under og ved sidan av.....
Audun, Torbjørn, Pappa, Mamma og bestefar på Nogva henta juletre i skogen.....
Pepperkakehuset vårt....fint ikkje sant!!!Adventsfest på Framtun....julestemning, kjempeflinke born, flott teater, gode kaker, julenissar og pakkar til borna.

måndag 1. desember 2008

Adventsonsert og julegrantenning....

1. søndag i advent er det tradisjon med adventskonsert i kyrkja. Konserten i år var kjempeflott og vi fekk høyre Kor for oss, korpsa frå Haramsøy og Flem, og Nordøyane storband som bidrog med stemningsfull musikk. Sjølvsagt skulle koret som Torbjørn er med i også synge, og dei sjarmerte alle i senk med sin song og innlevelse.

Etter den fine konserten var det tenning av julegrana ved banken. Korpset spelte, og alle fekk gløgg og pepperkaker. Kjempekoseleg.

søndag 16. november 2008

Håp i Havet...

Her i familien elskar vi å bade, og vi har lenge tenkt på å reise på Finnøya for å prøve badeanlegget der borte. Laurdag vart also dagen, med dårleg ver ute og ingen ting spesiellt å finne på. Vi tok hurtigbåt frå Austnes til Harøya, og drosje vidare ut på Finnøya. Og det vart sjølvsagt suksess. Vi kosa oss heile dagen, og det var full action i vatnet heile tida. Sklia var kjempekjekk, og vi susa ned omtrent hundre gongar alle fire. Torbjørn tok den åleine, og fekk skikkelig stor fart. Audun fekk sitte på med mammma eller pappa, for det var litt ekkelt med alt vatnet når vi kom ned til enden av sklia. Men til fortare det gjekk til kjekkare var det. Ellers var der god mat å få kjøpt, og vi vart skikkelig svoltne av å bade so mykje. Men tida går veldig fort når ein har det gøy, so brått var klokka fire og vi måtte fare til hurtigbåten igjen. To blide og slitne gutar slappa av på båten heim, og vi var enige om at det haddde vør ein super dag!

fredag 14. november 2008

PUtti Plutti Pott....

Laurdag 29.11 har vi fått billettar på Putti Plutti Pott i Ålesund. Bestemor på Nogva har skaffa billettar til oss, og det skal bli kjempekjekt. Vi gler oss til teater og julestemning.

Barnekoret NoHa...

Forrige søndag var vi i familiegudsteneste. Der var det duka for Torbjørn sin første opptreden med barnekoret NoHa. Torbjørn synest det er kjempekjekt å vere med i koret, og det viste både han og dei andre borna på søndag. Kjempeflott song, og ei fin gudsteneste.

måndag 27. oktober 2008

Fortuna i Toppserien 2009...

Hipp hurra for tante Ingrid og Fortuna......og gratulere med opprykk til Toppserien.
Med seier over Gjøvik forrige helg, var det klart for spel i den argaste divisjonen for damer i 2009. Øss e kjempestolt av dej tante Ingrid. Lykke til!!!

søndag 26. oktober 2008

Konrad 40,5 år....

Laurdag var vi invitert i 40,5 års feiring på Framtun. Konrad var jubilanten som skulle feirast, og det vart ein kjempkoseleg kveld. Nydeleg mat, gode kaker, mykje drikke og feststemte gjestar, gjorde sitt til at det vart veldig kjekt. Nokre "Splint" kom også rekande på ei fjøl, og underheldt med litt song. Ellers var det litt av kvart å flire av etterkvart som natta blei til tidleg morgon.....
Sjølvsagt hadde eg gløymt kamera denne kvelden, men takkar for eit kjempekjekt selskap med å sette inne eit gammalt bilde av jubilanten. Det er henta frå teaterstykke "Der fekk du", som var sett opp i 2006. ;)

På Nogva...

I ein hektisk kvardag har det ikkje vore mykje tid til blogging no i det siste. Denne helga kobla vi av , og for på Nogva på "ferie". Vi har slappa av og kosa oss attmed bestemor og bestefar,søskenbarn, oldisane og besøk frå Skodje. Kjekt. Her er det bestemor og gutane som har lesestund. Det likar dei godt.

måndag 20. oktober 2008

Konsert...

Søndag 19.10 var vi på konsert på Haramsøy samfunnshus. Der var skulekorpsa frå Haramsøy, Flem, Lepsøy og Harøy i sving, saman med
Ytre Suløens Jazz-ensemble og Trishia Bouttè.
Det var ein kjempeflott konsert med utruleg flnke korps-musikanter, og eit engasjert Jazz-ensemble. Eit par sprudlande timar med flott musikk, og ikkje minst ei sangerinne med fantastisk stemme.
Om du ikkje var det å haure på, kan du få nokre smakebitar frå Ytre Suløen og Trishia Bouttè på desse linkane:

tysdag 7. oktober 2008

Audun 2 år.

Med ei vellykka kake i kjøleskapet, var det berre å invitere til selskap. Vi blei tilsammen 25 stk, og hadde det kjempekoseleg. Audun fekk masse gåver, både klæ, pengar, godteri, bok, duplo-brannbil, dyr, og trø-traktor. Kjekt med selskap og masse besøk. Audun var ganske sliten når kvelden kom. Då var det godt å legge seg for gull-guten vår som no har blitt 2 år!!!!

Kake, kake, pizza og meir kake.....

Mathea, besteveninna til Audun var også i selskap. Mathea var 2 år en dag før Audun, og øss vil gjerne gratulere prinsessa, og takke for kjekt selskap oppe i huset i skaogkanten!

Torbjørn prøver ny-traktoren til Audun. Den var tøff!

Et lite ete-bilde....

Ole Andre er ein av fadderane til Audun. Kjempekjekt at han også kunne kome ein tur. Audun synest det er stas å få besøk av Ole, som er en ekte rocker og knallflink på bassgitar!!!

Onkel Andreas, Audun og Martine leikar seg...

Og so var det barne tv. Her er alle benka framfor tv-en på leikerommet.

Bursdagskake....

Søndag fylte Audun 2 år, og då var det sjølvsagt duka for familieselskap. Dei flste i familien vår er glad i god mat og gode kaker, so då måtte vi sjølvsagt bake litt. Kristian og gutane sette igong, og marsipankake skulle det bli. Her ser dåkke bakarane i familien er i full gong!

Her er den flotte kaka.....og god vart den og!!!

torsdag 25. september 2008

4 års Bryllupsdag...

I dag 25.09 har vi 4 års bryllaupsdag. Dagen vart feira med kake.......

Gratulere, Onkel Andreas....

26.09 har onkel Andreas bursdag. Vi gratulerer so mykje....

onsdag 24. september 2008

Mari 5 år.

Søndag 21.09 fyllte søskenbarn Mari 5 år. Dagen vart feira med barneselskap i gapahuken på Longva, og etterpå med familieselskap på Nogva. Det var ca 15 born og nokre vaksne som møttes og gjekk i samla flokk opp til gapahuken. Der hadde onkel Øystein tent bål, og pølsene var klar.

Mari fekk masse fine gåver, og borna kosa seg med muffins, kanelsnurra, løfse, pølse med brød og brus. Etterpå var det leik og moro i skogen. Veret var kjempeflott, og heilt perfekt for eit uteselskap. Etterkvart fekk vi besøk av ein merkeleg skogs-troll. Han såg ut som om han hadde bodd i skogen der i over hundre år. Skogs-trollet var eit snillt troll, som tok oss med til ein skatt. Det var godteposar til borna som var godt gøymt inn i skogen. Veldig populært innslag, som både var litt skummelt, gøy, spennande og artigt på ein gong. Og like brått som det kom,forsvann skogs-trollet inn i skogen igjen.

Selkapet nerma seg slutten, men for familien var det meir feiring på Nogva.

Der feira vi Mari, samtidig som vi feira to bryllupsdagar. Bestemor og Bestefar på Nogva som hadde 34 års dag denne dagen, og tante Marion og Onkel Øystein som hadde 6 års bryllupsdag . Gratulerer til alle sammen, og takk for kjekt selskap.