torsdag 4. oktober 2007

AUDUN 1 ÅR...

Fredag 5. oktober fyller lillebror Audun 1 år! Torbjørn, Pappa og Mamma gratulerer go`guten sin med den store dagen.

Gratulerer med dagen Mathea!

I dag 4. oktober fyller Mathea 1 år. Tenk at eit år går so fort! Øss gratulerer go`jenta vår med dagen, og takker for eit koseleg selskap. Masse god mat og ei kjempeflott bursdagskake med bilde av Mathea!

onsdag 26. september 2007

Feiring...

I går feira øss also tre års bryllupsdag. Det måtte sjølvsagt bli kaffi og kake, for det lika øss so godt! Her er heile familien klar til å sette igong med kake-eting. På ein bryllupsdag må det nesten vere bryllupskake....og det var det også! Med ekte marsipan, brudepar og rosa marsipanblomster. kaka er faktisk ei av bryllupskakene våre, som vi hare hatt i fryseren sidan den store dagen. Skulle egentlig ete den på første bryllupsdagen vår, men då var ikkje brudgommen heime.....og ikkje på den andre bryllupsdagen heller. So då blei det på den tredje. Og tru det eller ei....kaka var snytande god!

tysdag 25. september 2007

3 års bryllupsdag....

"Størst av alt er kjærleiken."
Laurdag 25. september 2004 i Haram Kyrkje, stod vårt eventyrbryllup.
Det var ein fantastisk dag, som vi fekk dele med familie, slekt og venner. Ein av dei mest spesielle dagane i våre liv. Tenk at det er tre år sidan no! Det har vore tre flotte år, nermast som ein dans på roser......med blomstrande kjærleik, fine opplevingar, og to utrulig gode smågutar som held oss i aktivitet.

måndag 20. august 2007

Audun suser avgårde.......

Tida gjeng jammen fort! No he Audun bikka 10 mnd og vel so det, og he bjønt å gå for fullt. Det e ca en mnd sida han sleppte seg første gongen og gjekk rett over kjøkengolvet til oldemor og oldefar. Etter det he det vør trening, snubling og boms på rompa. Men no he teknikken bjønt å kome seg. No susa han avgårde rett som det e, med og uten balanse! Men det gjeng som regel bra. Her e iallfall bra med gølvplass å utfalde seg på, so Audun gjeng og gjeng heile dagen.....og øss andre susa attiveia for å passe på at det ikkje bli for månge blåkula!.

søndag 19. august 2007

Avlinga vår.

No he oss also bjønt å få hauste avlinga frå kjøkkenhagen vår. Det veks både gulrøter, sukkererter, salat og EI kålrot. Øss e no kjempefornøgd med resultatet, når øss tenke på ka masse øss he luka ugras!!!!!!! Nokre av sukkerertene e no kjmpestore, og gulrøtne var god!

fredag 17. august 2007

Gratulerer....Vegard 32 år og Martine 4 år.

I dag 17 aug fyller prinsessa i Aakreslekta.....Martine Asora 4 år. Vi gratulerer, og gler oss til selskap både i kveld og på søndag.
Vi gratulerer også Vegard med 32 års dagen. Vegard er søskenbarn til Julianne, og bor i Oslo sammen med si kjære Linda. Gratulerer også med familieforøkelsen i desember.

Hipp Hurra......Torbjørn 4 år.....!

10. August fyllte Torbjørn 4 år. Storfeiring vart det, med selskap tre dagar til ende. Fredag var tante Ingrid og Onkel Jan Terje på besøk. Laurdag var det barneselskap, og søndag var det familieselskap. Torbjørn var storfornøgd både med selskap, kaker og pakker. Audun, Pappa og Mamma gratulerer storeguten sin med overstått 4-års dag.

Bursdagskaka med bildet av Torbjørn og Lynet McQueen.

Ungane i leik i hagen. Trampolina var bursdagsgåve......det var populært.

søndag 15. juli 2007

Graturere med dagen, Bestefar.

Hipp hurra for Bestefar Bjørn Kåre, som fyller 54 år søndag 15.juli. Dagen vert feira heime på Nogva, med kaffi og bløtkake. Øss gratulera so mykje!

tysdag 10. juli 2007

Tur til Verpesdalen 29/6-1/7.

Jakobgarden i Verpesdal.
Siste helga i juni tok vi laust heile gjengen og reiste til Verpesdalen på tur. Verpesdalen ligg i Nordal kommune, og Julianne si farmor Mary vaks opp i Jakobgarden der inne.
Torbjørn, Audun, mamma, pappa tok bilen og kjaure til Overå-neset. Der kom resten av følget å henta øss på båt. Det var Marion og ungane, Bestemor Aud og Bestefar Bjørn Kåre, og Onkel Svein Ove (bror til bestefar). Saman med skipper Sindre Rogne tok dei båt frå Rogne, og hadde nokre timars sjø-tur bak seg. Jon Inge Verpesdal (bestefar sitt søskenbarn), venta på oss der inne. Med båten godt fortøgd, bar det oppover i ca. 1 1/2 time. Det var bratt og ulendt, men ein flott fjelltur. Berre Audun slapp å gå sjølv, og sat å kosa seg i beremeisa. Vel framme oppi dalen, var det berre å vente på bagasjen som kom oppover med taubana.
I nærkontakt med fantastisk natur kosa vi oss heile helga, med kjempeflott ver, nydeleg utsikt, vedhogst, bading i elva, ro-tur på vatnet, kræ-fiske, grilling, god mat og drikke, gode historier, ute-do, leik og moro både høgt og lavt.
Audun, pappa, Torbjørn og Bestefar på den vesle kaia nede ved sjøen. Bestefar peikar oppover den vegen vi skal gå! Det er kjempebratt! Torbjørn på veg oppover. Det er temmeleg bratt utføre her.... Her klatrar dei oppover......først Julianne med Audun på ryggen, så Sindre attiveia.

Frå stien er det nydeleg utsikt. Her ser vi bort på Aspehjellen.

Anna, Mari og Torbjørn.

Godt med ein pust i bakken og ei "basseng-pils" etter endt fjelltur.

Audun og Tante Marion. Onkel Svein Ove i banehuset.... ....no er taubana på vei opp!

Torbjørn, Anna og Bestefar utpå Hammaren. Her e det veldig bratt og ei fantastisk utsikt.

Jon Inge og Sindre nyt kaffien ute i det fri.

MARI Torbjørn og pappa prøver fiskelykka.

Her er vi framme ved vatnet, og skal sjøsette båten og sette garn. Det er mykje kræ i vatnet.
Her er vi samla inne på kjøkenet til ein liten matbit. Bestemor var god å ha når maten skulle på bordet! Torbjørn prøver å få start på ei gammal trillebåre.... Det gamle Kvenn-huset. Kristian elsker å bade, og jammen laga han seg ikkje ei demning i elva, slik at det gjekk an å ta seg ein dukkert. Det var nok ein rimeleg kald fornøyelse, når ein tenker på at elva kjem rett ifrå høgfjellet!Bestemor, Torbjørn og Anna på vegen til Aurhola.

Det meste vert hoggd med øks, men motorsaga måtte og trimmast. Kristian fekk jobben med å starte den, då den ikkje var heilt lett-starta.

Søskenbarna Aakre....

Her er en fin liten gjeng med kjekke ungar som koser seg i hengekøya. Det er Torbjørn og Audun saman med søskenbarna sine Jeanette, Kristoffer og Martine.

Campingvogna vår!
Øss he also kjøpt øss campingvogn! Det er ei Bjølseth 520 DeLuxe, 1991 mod, med 5 søveplassar. So no er det berre å planlegge ferieturen!
Det starta vel egentlig me at øss ikkje hadde nåkke ferieplanar. Øss vurderte å leige ei vogn, men fekk et godt tilbud so øss ikkje hadde råd til å la ver. Dermed blei det also investering. Vogna er veldig fint brukt, og akkurat passe til øss. So no e øss spennt alle samen på å reise, sjølv om det ikkje blir før om et par veker. Øss he nåkke å gle øss til då med andre ord!!!!!!!!

torsdag 28. juni 2007

Møtte Høggørm på trilletur!!!!

For et par veker sida, var Audun og mamma på en av sine mange trilletura atmed Mathea og Susann. Øss sette i vei alle fire og gjekk faste ruta ut på Håneset for å skrive øss i boka. På vei heimatt, etter at vi hadde passert huset til Brox, gjor Susann en stor sving med vogna. Ho skulle berre svinge onda en stokk.....men brått ropte ho "...en slange.....!" Det var also en Høggørm som låg å sola seg midt på veien. Må sei øss fraus nedetter ryggen då ja, men måtte sikre øss et bilde av uhyret. Den kveila seg ut og slanga seg ned i grøfta når øss kom nært den. Og det var igrunn bra. Øss speeda opp farta ei stund då ja!
Det er kjekt å treffe både folk og fe når en er ute på tur, men håpe øss ikkje treff han der igjen!

tysdag 26. juni 2007

Oppdatering.....

I det siste he det vør lite oppdatering på bloggen vår. Det e sånn det når en e førkava med alt mulig rart......men her skal du få en liten smakebit på ka øss ha gjort på i det siste:
Fredag: Sommarfest i barnehagen.

Torbjørn var sjølvsagt "Kaptein Sabeltann"

Torsdag: Audun i sitt ess.

Audun har blitt en ræser å røyse seg opp!

Tysdag: Gitarspeling.
Torbjørn rocker på gitaren!
Måndag: Måseegg.

Torbjørn og pappa fann et måsereir oppi båten som ligg bortom kjøkkenhagen vår.

Søndag: Giskespelet.

Torbjørn,mamma, Bestemor Aud, Anna og Mari var på tur til Giske for å sjå på det kjende Giskespelet. Det var strålande sol og ei kjempeflott oppleving for alle fem! Heilt supert!