onsdag 21. oktober 2009

Torbjørn har teikna......

Måtte berre vise ei teikning som Torbjørn teikna til onkel Jan Terje. Torbjørn likar kjempegodt å teikne og skrive, og ein dag han ikkje hadde meir lekse, tok han seg eit papir å ville teikne litt til han onkel som var i Chile. Det vart ei kjempeflott teikning ,som han sende i posten til han onkel.

måndag 12. oktober 2009

Prinsessa vår......LIVE

Torsdag 08.10 kl.12.23 kom endelig prinsessa vår. Vesle Live kom i full fart, og var 3090 gr. og 48 cm. Ho e sjølvsagt den søtaste prinsessa i heile verden.
Her er to stolte storebrora, som elskar å halde og passe på lillesøstra. Dei er kjempeflinke, og veldig omsorgsfulle .

måndag 5. oktober 2009

AUDUN 3 ÅR

Hipp Hurra for go`guten vår Audun som no har blitt 3 år. Audun er ein stor-sjarmør som held oss alle med godt prat og gode kommentara. Audun elskar å hjelpe til med det meste, og er veldig flink å "jobbe" både ute og inne. Ein liten luring er han, og ein skikkeleg kosegut. Nokre av hans faste standarduttrykk er: "....faktisk", "skjøna du...." og "kjære vene".
I dag har det vore stor-feiring, med familieselskap og mykje god mat. Mesteparten av slekta var samla, og vi kosa oss i lag heile ettermiddagen og kvelden.
Nedanfor ser du bursdagskaka til Audun som bestemor på Aakre laga. Den var tøff!!!!
Tusen Takk for ein kjempefin dag, og for alle gåver og helsingar som Audun har fått.