måndag 13. april 2009

Påska vår!

Det he vør rett og slett fantastisk godt med påskeferie, både for store og små. Men sjølv om det he vør lenge fri, so he dagane gått veldig fort.
Første del av påske gjekk med til øving, øving og førebuingar til teaterprmiere på Framtun. Onsdag 8. april viste vi stykket "Mord over ein låg sko" av Knut Nærum. Fullt hus og stor stemning på Framtun denne kvelden, og ikkje fritt for eit mystisk mord eller to!!!! Mamma Julianne var med i ei av rollene, som "frøken Dausen". Om ikkje du fekk med deg premiera, skal vi ha ei framsyning til onsdag 15. april kl 19.30.

Men det har likevel vore tid til litt turar og uteaktivitet. Sidan pappa Kristian he vør på jobb på Island Frontier heie påska, he øss vør mykje på Nogva. Der kosa vi øss, og finn på mykje rart. Det he vør grillfest i 100-meter skogen, sykkelturar, flaskesamling, tur til "Påska-støvå", hopping på trampoline, øss he dissa og sila øss, hagearbeid, tur uti urane, og fugle-studier. Øss he sett på dei 5-6 ørnene som bor oppi fjellet her, og følgt med eit falke-par som også trivst godt oppi fjellsida. Øss he kosa øss med god mat, og sjølvsagt påske-egg... øss laga potetball attmed oldemor og oldefar, og øss he drøkke kaffi og saft i hagen. Øss he også vør på besøk med bestemor og bestefar på Åkre. Søndag var det familieselskap der ute, med julemiddag og gode kaker.Torbjørn og Anna koser seg med grilla pølser.

Audun, mamma og bestefar grillar pølse.

Vi dissar øss.

Her e det potetball på gong.......laga på gamlemåten. Oldemor og oldefar er mesterkokkar. Vi andre følgde godt med.

Torbjørn på taket av "Påske-støvå". Han er ivrig å spikke.

Påskestøvå er ei steinhytte som ligg oppmed fjellfoten ovom Tunheim på Nogva. her brukte mamma Julianne å leike veldig mykje som liten. Torbjørn og Audun synest det er spennande å vere der oppe.

Audun fiskar.....

Sykkeltur som gjekk rogne og Nogva rundt, utover nedstevegen og opp Sambindingsvege på Longva...og heilt innatt til Tunheim.

Her er Tobjørn etter at han har sykla opp heile sambindingsvegen utan å stoppe. Alt gjeng an når ein har skikkeleg sykkel med 6 gir på!!!!

Torbjørn er fotograf, og medhjelpar når bestemor knytet opp jyvel-buskene.

Tur utover urane på Nogva. Her set gutane oppa eit "palle-hus" som he fløte i land.

Audun og Torbjørn attmed "Goliat-steinen". He dåkke forresten haurt segna om Goliat, kjempen frå Fjørtofta som kasta stein etter Ura-karane då dei var på FJørtofta og tok med seg dama til Goliat heim til Nogva? Ei spennande segn, og den store steinen som han kasta etter Ura-karane ligg den dag i dag uti Nogva-ura, med Goliat sine store fingermerke godt synleg!!

Her er gutane attmed onkel Arvid og Tante Liv Edel frå SKodje.

Bilde frå Åkre vart det lite av, fordi ej glømde at ej hadde med fotoapparatet. Men fekk eit blinkskot av Audun og onkel Oddvar frå trondheim, som les om "Barbapappa"

Det var nokre glimt av kva vi har gjort i påska. Håper alle blogg-lesarane har hatt ei kjempeflott påske.