måndag 18. mai 2009

17. mai 2009

Her er nokre små glimt frå 17.mai. Vi hadde ein strålande dag, med sol, varme og norske flagg. Mamma Julianne og gutane feira 17.mai utan pappa i år. Han var på jobb i Nordsjøen. Sjølv om vi veit at pappa hadde det fint på 17.mai........iallfall med fantastisk mat som dei brukar å ha......so sakna vi han kjempemasse!!!!! Vi starta med å gå i tog frå kyrkja til skuleplassen. Vi gjekk bak fana til Haramsøy barnehage, i lag med alle venane våre. På skulen var det leikar, brennsnut, kaker og mykje anna spennande. Torbjørn og Audun kosa seg med 60-meter, fisking, kasting på blekkbokser og leik på leikeplassen. Mamma Julianne var fullt opptatt med å følge gutane rundt på forskjellige ting dei skulle gjer. Etterkvart var det fest inne, og gutane sat fint i ro og følgde med. Flinke gutar. Dei var også med å song sman med barnhagen og mellomsteget på skulen. Når festen var ferdig var det to slitne gutar og ei trøtt mor som traska seg heimover. Vi må også ta med ei kjempestor helsing til dei gode vennane våre Susann og Svein Hugo som fekk seg ei lita prinsesse denne dagen. Ho kom til verda litt over midnatt 17. mai, og då vart det endå ein grunn til å feire dennne dagen. Mathea var kjempestolt storesøster, og strålte heile dagen saman med tantene sine. Gratulerer so mykje med prinsessa. Vi gler oss til å komme på besøk til dåkke. Håper ellers at alle blogglesarane våre hadde ein flott 17.mai.

måndag 11. mai 2009

Fugle-titting på Longva.

Ein gong før påske når Torbjørn var på besøk med Anna og Mari, fann dei og onkel Øystein på at dei skulle lage seg fugle-kasser. Saging, banking og børing måtte til, og etter ei stund med iherdig jobbing var tre flotte, sjølvlaga fulekasser ferdige. Fuglekassene tok dei med oppi skogen ovom huset deira på Longva. Der blei dei spikra opp i kvar sine tre, i håp om det var nokre småfuglar som trengte hus!
Det har gått ei stund sidan kassene vart sett opp no, og Søndag var så den store dagen for å sjå om det hadde flytta inn nokon i fuglekassene.
Audun, Mari, Torbjørn, Anna, onkel Øystein og pappa Kristian la ivei opp i skogen , og skulle på "fugle-titting".
To av kassene var framleis tomme, men heldigvis......i den tredje kassa hadde det flytta inn ei kjøtmeis, som låg å ruga på egga sine. Supert!!!! Alle fekk klatre opp stigen for å sjå. Kjøtmeisa var ikkje redd, og Kristian fekk eit flott bilete avden rugande meisa.
Audun og Pappa kikar forsiktig opp i fuglekassa.
Her er det Torbjørn som er på vei opp for å sjå.
Mari og onkel Øystein tittar forsiktig oppi.........og sjå nøye på han pus!!!! Det var nok fleire enn dei to-beinte som syntes dette var interessant!!!!!
Og her er den fornøgde kjøtmeisa som ruger på egga sine!!!!
Glad og fornøgd kom dei ned att etter ein spannande "fugle-tittings ekspedisjon", og dei hadde masse å fortelle om kassene, reiret og meisa......og om katten som var på god vei opp trestammen for å sjå han og......men då sa Mari: "NEI PUS....gå ned att!!!"

Framdrift på "Soltun"

Etter at vi kjøpte "Soltun" for eit år sidan, har det vore mykje planlegging og papirarbeid. Teikningar fram og tilbake frå byggingeniørar, og søknadar til kommuna. Byggeløyve var i orden før påske, og då var det berre å gå igong. Ny veg vart laga, og store tre vart fellt....med god hjelp frå Aakre Maskin, og nabo Atle. Det første steget på huset var at Kristian reiv eit lag på utsida. Det gjekk rimeleg fort, og vidare kunne han og medhjelparen hans ta til å rive innvendig. No er det berre stenderar som står att inne...alt anna er vekk...også murgolvet i kjellaren (som vart slått opp og gravd ut med handemakt). Etterkvart vart tomta til påbygget gravd ut, veiter og drenering planlagt, rør, septiktank og ledningar spora opp, og i kjellaren grov vi oss lenger ned. So vart det gamle utbygget rive. Spennande greier når traktor, hengar og gravemaskiner held på heile dagane!!! Torbjørn og Audun storkosa seg når dei fekk sette inne i traktoren og gravemaskina til bestefar. No gler vi oss til å få støype, mure og ta til å bygge opp att....... sjølv om det er lang opp og fram!!