fredag 28. mars 2008

Audun med brøten fot!

Onsdag var also den store ulykkesdagen vår. Glad og fornøgd var Audun, Torbjørn og mamma på vei til barnehagen. Øss hadde akkurat parkert bilen, og Torbjørn sprang oppover mot barnehagen. Audun ville òg fort inn, so medan mamma tok sekken ut av bilen sette han i og sprang i full fart. Før øss visste ordet av det, hadde Audun glidd på isen, og landa med eit brak oppå høgre foten sin. Kjempelåkt var det, og Audun skreik sine modige tårer. Dermed bar det ned på legekontoret, og videre på sjukehuset for å ta røntgen. Det vart konstatert brudd i høgre legg, og Audun måtte gipse. Audun var kjempetålmodig på sjukehuset, men er ikkje begeistra for folk i kvite frakkar lenger. Vi stoppa på Moa og kjøpte ny traktor fordi han var så flink, og snakka mange gongar med pappa i telefonen. Kjedelig at pappa er på båten sin og langt vekke frå oss. Heldigvis kjem han att på onsdag. Men vi har no storebror Torbjørn til å hjelpe då! Det er kjekt, for han er veldig flink men lillebror. Det er ikkje nåkke artigt med gips for ein liten gut som helst vil springe og klatre. Audun er i godt humør, men irritert på gipsen sin. Han klarer ikkje å gå eller krype, so det er godt å ha nokon som kan bere. Mamma og Torbjørn prøver så godt dei kan, slik at Audun skal ha det bra. Vi skal inn att på kontroll på sjukehuset onsdag. Då får øss vite kor lenge gipsen må vere på.

laurdag 22. mars 2008

"Påske-tur til" Ulla Fyret....

Palmesøndag var vi på tur til Ulla Fyret, saman med Anna, onkel Øystein og bestemor Aud. Det var ein kjempekosleg tur, i frisk og kald vind, lett snøbyge, sol, skyer og minusgrader...... Torbjørn og Anna fekk sete på trilla på vei bort til huset, og det var gøy. Audun søv i vogna, medan onkel Øystein og pappa Kristian bar ved, mat og drikke. Og det var bra vi hadde med godt med mat, for det første som møtte oss når vi kom over brua, var to nærgåande og svoltne geiter.

Her får Anna prøve å ri på den eine geita.

Anna og Bestemor oppe på fyret. Her var god utsikt og mykje vind.
Torbjørn kikar utover havet på dei store bårene.

Det var godt og lunt nede ved nausta. Der laga vi oss ei grue, og skullle tende bål og grille pølser. Geitene følgde oss heile tida, og var veldig interessert når vi tok fram Marie-kjeksa våre. Her er det Audun, Anna og mamma Julianne som deler med dei firbeinte....

Dei var jammen svoltne dissa to geitene, for dei åt til og med avisene som øss ksulle ha til å få fyr på bålet med. Pappa hadde full jobb med å halde dei vekk frå Sunnmørsposten...... Audun likte best når geitene heldt seg på god avstand......litt skeptisk på dissa firbeinte vennane våre. Her set vi å kosar oss alle saman med maten vår. Øystein passer bålet, og ser til at ostesmørbrøda, pølsene og kyllingen vert passe steikt.

Torbjørn syntes det var stas å få gi geitene mat

Tusen takk for mat, og takk for ein fin tur.....

søndag 16. mars 2008

Mini-ATV

Her ser du vår nyaste investering på køyretøy-fronten.....ein Mini-ATV. Her er papsn og gutane i full gong med å gjere siste sjekk før den skal startast.Pappa måtte teste først, og det spruta møld der han sladda seg oppover til veien....... Her prøveset Torbjørn før øss for avgårde for å prøvekøyre på rett. Her ser du Torbjørn i full fart, sjølvsagt med nyinnkjøpt hjelm og anna verneutstyr. Det er viktig.
Audun fekk også prøve, men nøyde seg med å sete på når den stod stille.

Audun på "motorsykkelen" sin.

Til julegåve fekk Audun og Torbjørn kvar sin "Kinderbike". Dette er same type som er i barnehagen, og dei er kjempepopulær. Her er Audun i full sving på motorsykkelen....med hodelykt

Tur til gapahuken på Longva

For et par veker sidan inviterte Marion & co til Skattejakt . Det var utlagt kart i postkassa deira, og det førte oss til gapahuken på Longva. Der venta heile familien med bål, pinnebrød, pølser kakao og skattekart. Vi kosa oss heile søndagen, og ungane syntes det var kjempekjekt å leite etter skatten. Sabeltann hadde vør der tidlegar på dagen og gravd ned ei kiste med sjokoladegullpengar under et tre. Den skatten ser nok ikkje Sabeltann igjen! Vi hadde det kjempekoseleg....Takk for turen!

Dodge Phoenix 1960

Interessa for bilar og køyretøy er stor blandt både små og store her med oss. Her er vår nyaste....eller skal vi sei gamlaste investering. Det er ein Dodge Phoenix 1960. Tidlegare eigar var Inge Rogne, og bilen er no grøn. På biletet ser du korleis den kjem til å sjå ut etterkvart......

go`gutane våre.....

Her er go`gutane våre Torbjørn og Audun. To kjekke og snilde kara, som livar opp kvardagen her i garden. Mykje smil og latter kvar dag....