laurdag 22. mars 2008

"Påske-tur til" Ulla Fyret....

Palmesøndag var vi på tur til Ulla Fyret, saman med Anna, onkel Øystein og bestemor Aud. Det var ein kjempekosleg tur, i frisk og kald vind, lett snøbyge, sol, skyer og minusgrader...... Torbjørn og Anna fekk sete på trilla på vei bort til huset, og det var gøy. Audun søv i vogna, medan onkel Øystein og pappa Kristian bar ved, mat og drikke. Og det var bra vi hadde med godt med mat, for det første som møtte oss når vi kom over brua, var to nærgåande og svoltne geiter.

Her får Anna prøve å ri på den eine geita.

Anna og Bestemor oppe på fyret. Her var god utsikt og mykje vind.
Torbjørn kikar utover havet på dei store bårene.

Det var godt og lunt nede ved nausta. Der laga vi oss ei grue, og skullle tende bål og grille pølser. Geitene følgde oss heile tida, og var veldig interessert når vi tok fram Marie-kjeksa våre. Her er det Audun, Anna og mamma Julianne som deler med dei firbeinte....

Dei var jammen svoltne dissa to geitene, for dei åt til og med avisene som øss ksulle ha til å få fyr på bålet med. Pappa hadde full jobb med å halde dei vekk frå Sunnmørsposten...... Audun likte best når geitene heldt seg på god avstand......litt skeptisk på dissa firbeinte vennane våre. Her set vi å kosar oss alle saman med maten vår. Øystein passer bålet, og ser til at ostesmørbrøda, pølsene og kyllingen vert passe steikt.

Torbjørn syntes det var stas å få gi geitene mat

Tusen takk for mat, og takk for ein fin tur.....

3 kommentarer:

Anonym sa...

Oj, så kjekt ditta såg ut da! Sikker på pølsene smakte fortreffeleg òg:)

Anonym sa...

Ja ditta såg kjempekjekt ut. Kjekt med litt utflukter i påska..

Anonym sa...

Ville bare skrive og si at jeg er innom med jevne mellomrom for å se hva dere styrer med. Må også innrømme at jeg ikke alltid skriver en kommentar... Fy meg!
Turen til Ulla fyr så skikkelig koselig ut!! En tur etter mitt hjerte!