fredag 28. mars 2008

Audun med brøten fot!

Onsdag var also den store ulykkesdagen vår. Glad og fornøgd var Audun, Torbjørn og mamma på vei til barnehagen. Øss hadde akkurat parkert bilen, og Torbjørn sprang oppover mot barnehagen. Audun ville òg fort inn, so medan mamma tok sekken ut av bilen sette han i og sprang i full fart. Før øss visste ordet av det, hadde Audun glidd på isen, og landa med eit brak oppå høgre foten sin. Kjempelåkt var det, og Audun skreik sine modige tårer. Dermed bar det ned på legekontoret, og videre på sjukehuset for å ta røntgen. Det vart konstatert brudd i høgre legg, og Audun måtte gipse. Audun var kjempetålmodig på sjukehuset, men er ikkje begeistra for folk i kvite frakkar lenger. Vi stoppa på Moa og kjøpte ny traktor fordi han var så flink, og snakka mange gongar med pappa i telefonen. Kjedelig at pappa er på båten sin og langt vekke frå oss. Heldigvis kjem han att på onsdag. Men vi har no storebror Torbjørn til å hjelpe då! Det er kjekt, for han er veldig flink men lillebror. Det er ikkje nåkke artigt med gips for ein liten gut som helst vil springe og klatre. Audun er i godt humør, men irritert på gipsen sin. Han klarer ikkje å gå eller krype, so det er godt å ha nokon som kan bere. Mamma og Torbjørn prøver så godt dei kan, slik at Audun skal ha det bra. Vi skal inn att på kontroll på sjukehuset onsdag. Då får øss vite kor lenge gipsen må vere på.

3 kommentarer:

Solveig sa...

Uffa mej, ikkje so kjekt med brøten fot... Og i alle fall ikkje for en so aktiv krabat som han Audun da! Bra at han Torbjørn e so snill å hjelpe til :-) Fær håpe han slepp å gå med gipsen so altfor lenge i alle fall!

Anonym sa...

Huff og huff, ditta va ikkje kjekt nei! Men heldigvis so gror det no fort på slike små krabater, slik at han treng nok ikkje ha gips så fryktelig lenge vil eg tru. Men superkjedlig når en ikkje kjem seg nokon plass sjølv! Då vil det nok bli lange dagar vil eg tru

Anonym sa...

Stakkars Audun ja. Malin og Hannah har passa seg veldig på isen etter at Audun braut foten - for dei vil ikkje på sjukehus! Håper han slepper å gå så lenge med gipsen.