fredag 25. september 2009

5 års Bryllupsdag

I dag er det 5 år sidan den store dagen vår. Ein fin vielse i Haram Kyrkje, og ein super fest på Longva i lag med familie og gode venner Ein fantastisk dag, som vi gjerne mimrar tilbake til. Takk til alle som var med på å gjere denne dagen til eit flott minne, og takk til familie, venner og bekjente som er med å gjere kvardagen vår glad og fargerik.

fredag 18. september 2009

ISTID 3

I går var vi på kino i Brattvågen og såg ISTID 3. Bestemor og Bestefar på Nogva inviterte oss med, og det var kjempestas! Istid-filmane har vore populære her i huset, og denne her var minst like bra som dei forrige. Litt spennande av og til syntest Audun, men det var en artig film og han kosa seg der han sat. Torbjørn var eit einaste stort glis heile tida, og skrattflira store deler av filmen. Kjmepekjekt å ver på kino.