måndag 11. mai 2009
Framdrift på "Soltun"
Etter at vi kjøpte "Soltun" for eit år sidan, har det vore mykje planlegging og papirarbeid. Teikningar fram og tilbake frå byggingeniørar, og søknadar til kommuna. Byggeløyve var i orden før påske, og då var det berre å gå igong.
Ny veg vart laga, og store tre vart fellt....med god hjelp frå Aakre Maskin, og nabo Atle.
Det første steget på huset var at Kristian reiv eit lag på utsida. Det gjekk rimeleg fort, og vidare kunne han og medhjelparen hans ta til å rive innvendig. No er det berre stenderar som står att inne...alt anna er vekk...også murgolvet i kjellaren (som vart slått opp og gravd ut med handemakt).
Etterkvart vart tomta til påbygget gravd ut, veiter og drenering planlagt, rør, septiktank og ledningar spora opp, og i kjellaren grov vi oss lenger ned. So vart det gamle utbygget rive. Spennande greier når traktor, hengar og gravemaskiner held på heile dagane!!! Torbjørn og Audun storkosa seg når dei fekk sette inne i traktoren og gravemaskina til bestefar.
No gler vi oss til å få støype, mure og ta til å bygge opp att....... sjølv om det er lang opp og fram!!
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
3 kommentarer:
Dåkke he no fått gjort kjempemasse! So flinke dåkke e altso, der nede gjeng det unna! :-) Bli spennande å følge med framover. Skal sjå dåkke bli ferdig med dåkka hus før husa over veien bli ferdig med ditta tempoet der ;-)
Det blir så flott! DEN kremtomta da!! Fin utsikt til Longva og over fjorden. Gleder meg til å komme på besøk og se hvordan dere har fått det om en liten stund. Ja, for vi er jo grusomt flink til å besøke dere...
Det bli bra til slutt tenke ej.....men mykje godt arbeid ventar!!! Ej gler mej veldig til å flytte dit opp, for det ligg flott til ditta huset. og det e berre å komme på besøk ja......øss lika godt å få besøk....og øss lika godt å fare på besøk også, sjølv om det ikkje virkar sånn alltid!!!
Legg inn en kommentar