søndag 16. november 2008

Håp i Havet...

Her i familien elskar vi å bade, og vi har lenge tenkt på å reise på Finnøya for å prøve badeanlegget der borte. Laurdag vart also dagen, med dårleg ver ute og ingen ting spesiellt å finne på. Vi tok hurtigbåt frå Austnes til Harøya, og drosje vidare ut på Finnøya. Og det vart sjølvsagt suksess. Vi kosa oss heile dagen, og det var full action i vatnet heile tida. Sklia var kjempekjekk, og vi susa ned omtrent hundre gongar alle fire. Torbjørn tok den åleine, og fekk skikkelig stor fart. Audun fekk sitte på med mammma eller pappa, for det var litt ekkelt med alt vatnet når vi kom ned til enden av sklia. Men til fortare det gjekk til kjekkare var det. Ellers var der god mat å få kjøpt, og vi vart skikkelig svoltne av å bade so mykje. Men tida går veldig fort når ein har det gøy, so brått var klokka fire og vi måtte fare til hurtigbåten igjen. To blide og slitne gutar slappa av på båten heim, og vi var enige om at det haddde vør ein super dag!

5 kommentarer:

Stine sa...

Så kjekt da!!! Vi var der i sommer og synest det var kjempeflott anlegg der borte, og god mat for oss som var på land! God helg videre.

Siv sa...

Eit superdupert anlegg dei har der borte! Eg og Hedda sat på land når vi var der, og det var litt for varmt til det. Både eg og ho var rimelig kokte... Så neste gong blir det bading på oss og...

Anonym sa...

Kjempekjekt å finne på sånt:) Ej og Johanne sat på land ssist vi var der... Men det vart so fjølgt at øss måtte på trilletur i sjitveret og kjøle oss ned;) Sikker på gutane storkoste sej ja! Alltid kjekt i det våte element.

Familien Høistad Aakre. sa...

Ja det var iallfall fol kjekt,og øss he tenkt øss tilbake. Og ej syntest at vatnet var bra varmt mæ. ej hata kaldevatne,men der var det igrunn so godt og varmt at ej slapp å fryse når ej låg der å plaska!!!

Anonym sa...

Synd det ikkje passa å bli med dåkke. Øss vil bli med neste gong, og ej løva dej, at ej skal IKKJE sete på kanten!! He he..