Ei lita helsing til alle bloggarar frå familien Høistad Aakre. Håper du har hatt nokre fine juledagar, og vi ynskjer deg og dine ei fortsatt fin Jul.
Her er nokre bilete av vår julefeiring.
Det har blitt nokre turar desse juledagane, og 2. juledag var det romjulsmarsj med registrering på Framtun.

Her er Bestemor, Audun og Torbjørn nedom Stabogarden på Nogva.

Kristian framfor bautaen av Olaus Johannes Fjørtoft.

Mamma i god driv...

Julenissen...?

...Og sjølvsagt kaffi og kaker igjen.....

Etter romjulsmarsj var det middag og tid til kos framfor tv`n

Etter pakkane var opna, var det kaffi og kaker nede med oldemor og oldefar. Med mykje godt på bordet, vart vi god og mett endå ein gong.....

Bestefar og Torbjørn kosar seg med teiknefilmar....

Audun i sving med dei nye grytene han fekk. Kanskje det bir kokk av denne karen.....?

Bøker er noko av det kjekkaste gutane veit, og heldigvis vart det omkre nye i år ogsa. Historiene om Gubben og katten er favoritt for tida, og det var akkurat det som var i denne pakken.

Gutane fekk kvar sine spel også, og det var populært. Torbjørn fekk Ugler i mosen spel, og Audun fekk dyre lotto. Her spelar dei saman med bestemor.

Det var både store og små born som var ivrige pakke-opnarar. Audun fekk mykje duplo, og mamma åtte opne eska i full fart so han fekk leike seg med politibåten.

Go`gutane og han pus står spent attmed juletreet......det var fole lenge å vente på at vi skulle opne pakkar.....

Vi feira julaftan på Nogva med bestemor og bestefar. Det var kjempekoseleg. Her er juletreet med ein del av pakkane under og ved sidan av.....

Audun, Torbjørn, Pappa, Mamma og bestefar på Nogva henta juletre i skogen.....

Pepperkakehuset vårt....fint ikkje sant!!!

Adventsfest på Framtun....julestemning, kjempeflinke born, flott teater, gode kaker, julenissar og pakkar til borna.
3 kommentarer:
Ser ut til at dokke har hatt ei koselig julefeiring. No gjeng oss å venta på at dokke skal komme heim fra Nogva så oss fer fare på besøk å sjå alt dokke fekk til jul.
Mange flotte bilder her. Kjekt at dåkke har hatt ei koslig julefeiring.
Å du jøje mej ka gåver! Det såg ut som jula var vellukka for alle partar! Klem!
Legg inn en kommentar