onsdag 24. september 2008

Mari 5 år.

Søndag 21.09 fyllte søskenbarn Mari 5 år. Dagen vart feira med barneselskap i gapahuken på Longva, og etterpå med familieselskap på Nogva. Det var ca 15 born og nokre vaksne som møttes og gjekk i samla flokk opp til gapahuken. Der hadde onkel Øystein tent bål, og pølsene var klar.

Mari fekk masse fine gåver, og borna kosa seg med muffins, kanelsnurra, løfse, pølse med brød og brus. Etterpå var det leik og moro i skogen. Veret var kjempeflott, og heilt perfekt for eit uteselskap. Etterkvart fekk vi besøk av ein merkeleg skogs-troll. Han såg ut som om han hadde bodd i skogen der i over hundre år. Skogs-trollet var eit snillt troll, som tok oss med til ein skatt. Det var godteposar til borna som var godt gøymt inn i skogen. Veldig populært innslag, som både var litt skummelt, gøy, spennande og artigt på ein gong. Og like brått som det kom,forsvann skogs-trollet inn i skogen igjen.

Selkapet nerma seg slutten, men for familien var det meir feiring på Nogva.

Der feira vi Mari, samtidig som vi feira to bryllupsdagar. Bestemor og Bestefar på Nogva som hadde 34 års dag denne dagen, og tante Marion og Onkel Øystein som hadde 6 års bryllupsdag . Gratulerer til alle sammen, og takk for kjekt selskap.

4 kommentarer:

Anonym sa...

Fole kjekt med selskap! Får håpe at trollet ikkje sette skrekken i barneflokken, slik at dei ikkje vil vere med på utflukt i skogen meir!
Bestemor på Nogva !

Anonym sa...

Ditta såg kjekt ut og for eit flott skogtroll, tenker det slo ann:o)

Anonym sa...

Det der såg ut som det perfekte selskap! Troll, skatter, mat og flott ver! Hipp hurra for både bryllupsdagar og bursdagar!

Anonym sa...

Gratulere, Mari, besteforeldre og Marion + Øystein med dagane. Ditta trollet såg kjempespennandes ut! Sikkert veldig kjekt selskap!