søndag 14. februar 2010

Valentins-kort.

Fredag i 19. tida ringde det på døra heime med oss. Som vanlig er det gutane som konkurrerar om å kome først til døra for å åpne, men denne gongen var dei veldig opptatt med lego-bygging. Derfor var det mamma som gjekk ut. Utanfor døra stod ei søt jente på 6 år som lurte på om ho kunne få snakke med Torbjørn....for ho hadde noko til han. Eg henta torbjørn, og når han kom inn att viste han fram det flotte Valentins-kortet som han hadde fått. Han virka litt forfjamsa, men glad. Eg spurte om han hadde huska å takke, og det hadde han gjort.....og til og med gitt ho klem. So søtt då!!! På kortet var der masse hjerte og klistermerke, og inni stor det mellom anna:
Til Torbjørn
Eg er lit forelska
Du er søt og snild og søt
og du er søt
eg elsker
eg er veldi forelska
Fredagskvelden når Torbjørn hadde lagt seg, fortalde han at han syntest det var kjekt å få et slikt kort. Han sa: " Ej veit at ho er forelska i mej"!. Vi snakka og om kor godt det er å ha venner, og kor fint det er å vite at nokon er glad i en. Han søv nok godt den natta ja. :)

6 kommentarer:

Susann sa...

Hahaha ja dei begynt tidelig. Men så flott kort da... Ja kjem vel til å henge litt damer utføte huset med dokke etterkvart ;)

Anonym sa...

Åh..ej vart heilt rørt ej no! Ka skjønt! <3
Alice

Hege sa...

Phu! Det er masse kjæresterier i småskolen både her på Flem og på Haramsøya for tida. De er så søte at...! Èn ting skal de ihvertfall ha; de er snille med hverandre!

Solveig sa...

Å, so koselig da! :-) Bli nok nokre jente so heng utføre døra der nede etterkvart ja ;-)

julianne sa...

Ja mykje kjærleik i lufta for tida. Kan ikkje huske øss var so tidlig ute.......men so e no ej glømsk mæ då!!!! Men dei e utrulig skjønn ja. Og det e no greit å bjønd tidlig å legge inn gode aksjer til seinare då!!!! ;)

Siv sa...

E ei her i huset so e totalt vonbroten fordi ho ikkje he fått valentinskort, so det e no ikkje berre positivt heller da.. Men, det kjøm vel fleire og større "nederlag" i livet enn ditta;0)