Søndag var det duka for årets konsert. Temaet var film-musikk, og Haramsøy Skulekorps, Barneskule-koret og andre songtalent viste oss verkeleg at nivået på song, musikk og show er svært høgt her ute på øyane. Førebuingane har nok stått på veldig lenge, og resultatet var strålande. Den stolte 1. klassingen vår Torbjørn skulle vere med på dette for første gong. Med råtøff skinnbukse som oldemor hadde sydd, rosa skjorte, solbriller og skinnjakkke, var utganspunktet det beste.
John Travolta har vore helten dei siste vekene, og høgdepupnkta på konserten var nok "Greased Lightning" frå filmen "Grease".
Torbjørn storkosa seg som entertainer, og vi er kjempestolte av storeguten vår!!!
4 kommentarer:
Torbjørn var berre så kul altså! Sat med glis rundt munnen når dei dansa til Grease Lightning. Kjempeflott konsert og kjempeflinke unger vi har på øya vår.
Det var en flott konsert, og Torbjørn va fole tøff!!! Det gav vel meir-smak tenke ej...?
Han va berre so herla der han stod med solbrille, rosa skjorte og skinnkle! Lettare henslengt med hendene på skuldrane til gutane ved sida av og sang so berre det:)
Tøffingen! Ja,dei va utrulig flinke, alle som va med. Tru nok Torbjørn kan ver litt av en entertainer ja ;-)
Legg inn en kommentar