17. mai vart ein fin dag, med skiftande vèr frå hagl og regn, til sol og vind. Men vi hadde ei flott feiring av dagen på tradisjonelt vis, med barnetog, god brennsnut, leikar og fest på samfunnshuset.
Audun og Kristian er akkurat ferdig å gå i tog.....og utstyret er i orden ser du!
Storeguten vår Torbjørn i ny bunad.
Torbjørn og Jonas spring 60 meteren....ny pers i år på tida 14,4 sek. Ikkje verst for ein på 4 1/2.
Audun kunne ikkje vere dårlegare enn storebror, og sprang omkapp med pappa! Ein ny sprinter er i emning...berre vent!
Mamma Julianne og Audun tek ei lita pause i all leikinga, og nyt kaffi, kaker og andre godsaker. Det er slitsomt å feire 17. mai, men vi gler oss allereie til neste år!
tysdag 20. mai 2008
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
3 kommentarer:
Ditta e nåkken rasera å springe altso!Jentene våre hadde ikkje tid til å ver med på leikane i år dei, for dei skulle sta å sjå han lillebror. Men dei kjem vel sterkare tilbake neste år sikkert!
Fine bilder.. :) DItta ta han Torbjørn åleine va bra.. han såg skikkelig lur ut! :)
Det va so fint ditta bilde av dej og Audun!
Legg inn en kommentar