1. mai var ein kjempefin dag, og det frista med ein oppdagelsestur utover mot gamle-urane på Nogva. Torbjørn, Audun, mamma Julianne, Anna, Mari, bestemor og bestefar sette iveg utover, med vogn, litt proviant....og sjølvsagt fotoapparat i håp om å finne noko spennande. 

Torbjørn og Mari fann nåkke under eit tre
Blomsterguten Torbjørn
Her fann vi restar av eit egg. Tydeleg at det hadde vore rovdyr på ferde. Rett attmed var der spor etter Slenter

Naturen og dyrlivet er fantastisk utover her, og vi såg både restar av fugleegg, fine steinar, ulike fuglar som skarv, and, havørn, falk, fine og trillrunde steina, spor etter slenter, blomster og rare steinformasjonar. Vi fann også mykje som ikkje høyrer til i naturen, men som kjem rekande med havet.
2 kommentarer:
Så mange flotte bilder da. Kjekt med tur rundt om på øyane våre. Vi har en kjempeflott natur. Og veldig kjekt med nye oppdateringer!
Kjempefine bilete! Reine toppfotografen!
Legg inn en kommentar