tysdag 22. mai 2007

Sandkasse....

Dei fleste som har kaurt forbi huset vårt har vel lagt merke til sandhaugen som har vore midt på plassen i lengre tid! Måndag var det endelig duka for å lage til den fine lafta sandkassa som Kristian har laga! Torbjørn og Kristian gjekk i gong, og fekk snart hjelp av Stig Are som kom på besøk. Med tre dyktige arbeidskara vart sandkassa fort ferdig, og karane kunne ta seg ein liten kvil og kose seg med is. Etter is-pausa lesste dei sanden opp i kassa, og då var det brre å sette i gong å leike seg!

2 kommentarer:

Anonym sa...

Sandkassa vart bra flott. Bra jobba!!! Haure dei styra der borte da vi sat å kosa oss på verandan med jorbær.

Anonym sa...

Hm?? He det vør ver til å kose sej på verandaen med jordbær dei siste tretti døgn?? Det må ej ha gått glipp ta...