Søndag 13.mai var vi i konfirmasjon til Ole Andre Nogva. (Julianne sitt søskenbarn.)
Ole Andre bor på skodje, og det var i Skodje Kyrkje at den store hendinga gjekk føre seg. Same stad som Ole Andre vart døpt, og Julianne var fadder for 15 år sidan.
Etter ei fin konfirmasjonsgudsteneste var det middag og koseleg selskap heime med familien Nogva. Det var det masse god mat, kjempeflott koldtbord og deilige kaker.
Heile slekta var samla, og alle kosa seg i nydeleg ver, og godt selskap.
Konfirmanten var flott i ny dress, og ikkje minst strålande fornøgd med alle gåvene.
Det var ein spesiell dag for Ole på fleire måtar denne dagen. Han fyllte nemleg 15. år same dag som han vart konfirmert. Gratulerer med den store dagen som var på søndag, og tusen takk for ein fin dag!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar