søndag 24. august 2008

Tur til Gamlems-Veten

I strålande fint søndags-ver reiste Kristian og gutane på fjelltur. Saman med søskenbarn Anna, Bestemor og Bestefar på Nogva, skulle dei bestige Gamlems-Veten som er 790 meter høgt. Dette var ein fellestur arrangert av God Helse Haram og Norborg Il.
Det går mange stiar opp, men dennne gong var det greit å prøve grus-vegen. Audun sat godt i vogna som pappa trilla, medan Torbjørn, Anna og dei andre gjekk heile den lange og til tider bratte vegen opp. Ein kjempeflott tur, og ein fin tur-gjeng!!

Her er gjengen klar til start.

Ei lita kvilepause...

Utsikta var no ikkje nåkke å klage på. Ungane kosa seg på toppen, og bygde tårn av stein. Det var godt med mat og drikke også etter ein lang tur oppover.

Her ser vi Longva og Haramsøya i bakgrunnen.

Torbjørn på toppen av fjellet!

Pappa slappar av på ein stein, medan Audun leikar seg.

Om du vil sjå fleire bilde frå turen, sjå Aud og Bjørn Kåre sin blog.

http://bjornkaare.blogspot.com

5 kommentarer:

Anonym sa...

Sprekinga! Bra dåkke kunne komme og ete litt kake etterpå då i alle fall! Kan ikkje ver berre sunn på en dag!

Anonym sa...

Fine bilder både her og der!
Vart misunnelig ej no...

Anonym sa...

Neste tur til Veten vert nyttårsaftan.

Bestefar

Anonym sa...

For nokke sprekinga..

Anonym sa...

snakke sej om sprek ungdom! Heile bønsjn! Ej me vil på fjellet....men det e berre so fole travelt..