tysdag 29. juli 2008

Nokre glimt frå ein super sommerferie....

Ferien i år var ikkje planlagt til minste detalj. Øss krøka på campingvogna, og la i veg for å finne sol, vatn og nye ferieminner. Første stopp for overnatting var som vanleg på Mageli camping. Vi blei verande i tre netter, og traff Alice, Erling, Petter og Johanne på lillehammer. Vi var og saman med dei på Hafjell Lekeland og Lilleputthammer. Kjempekjekt.
So gjekk turen vidaare til Sverige. Vi hamna på Sunne og Kolsnäs Camping. Der traff vi Reidunn og Andreas m/fam, Inge og Elisabeth m/fam, og Hallgeir R. Triveleg ferieselskap.
Etter nokre dagar på Sunne krøkte vi på og for vidare til Örebro og Gustavsvik camping. Vi var i Örebro i fjor og likte oss godt....fin plass for både små og store.
Etter en dag der fekk vi selskap av Linda og Per Olav m/fam. Etter litt venting og flytting av vogner og telt osv fekk vi til slutt rigga oss til rett ved sidan av kvarandre.
Det vart mange dagar med sol, bading, sykling, grilling, is, motorsyklar, lucky Luke, shopping, baileys, endå meir bading, en sint pus, sol og sommer, og mykje gode ferieminner.
Men ferien tek også slutt etterkvart, og øss måtte sette kursen heimover. Ca sju timar tek det frå Örebro til lillehammer. Øss hadde ei overnatting på Hunderfossen, før øss tok fatt på siste sju timane heim.
Det er kjekt å vere på ferie, men også kjekt å kome heim.
Audun i ballbasseng på lekeland Kristian fann noko han måtte fikse......som vanleg klarer han ikkje å halde fingrane vekk når det er ting som er øydelagt. Her var det eit tog som satt fast i ein tunnell!!! Erling og Petter var gode hjeparar. Torbjørn ville måle seg i fjeset, og det vart ein liten spiderman til slutt! Her er det Audun og Pappa som prøver pariserhjulet. Torbjørn i ein isbjørn-båt. Torbjørn og Petter køyrer "bestefar" biler.Audun på karusellen. Han syntest det var kjempegøy å ri på hest.Gutta boys i berg og dalbana. Dette gjekk fort, og falt godt i smak med både små og store.Torbjørn og Petter kjaure små-bilar på bane. Kjempegøy å ha kappløp! trur dei vann kvar sine gongar. Berre so vidt øss kom øss derifrå.Godt plassert i Sunne, og fått opp forteltet vårt. Her er vi ved frokostbordet, og som du ser var det dessert til og med til frokost.....og ikkje overraskande so var det jordbær, vaniljesaus og krem. Nydela! Gutane våre saman med Jenny og Line. Desse hadde mykje kjekt i lag kan du tru.
So var øss tilbake i Örebro. Campingvogn og telt på plass i Örebro. Her slappar karane av etter bading og soling. Krisitan og Per Olav saman med styling-Tommy frå Syvde/Måndalen.
Is er godt, og det vart både en og to og av og til tre isar for dag på ankelte av øss.......men so er det no ferie også då! Torbjørn elskar å bade! Her er han i sitt rette element....vatnet. Kjekt å bade i alle slags basseng, lite eller stort. Audun badar også, men av og til er det godt å varme seg i spøkelsehanduken sin! Torbjørn kosar seg og blir varma av pappa. Det kan av og til bli litt kaldt når ein er frykteleg lenge uti vatnet på ein gong! Då er pappa god å ha.Gutane koser seg i lag, og storebror er flink å hjelpe til slik at lillebror skal ha det kjekt. Flyteutstyret er også i orden ser du.Det var deilig å få litt sol på kroppen.Sjå kor dei kosar seg i vatnet!
Her er vi inne i opplevelsesbadet, eit innandørs badeanlegg rett ved ccampingplassen i Örebro.
Der var det siler og vatn for ein kvar smak, barnebasseng med kjempedeilig varmt vatn, og basseng med bobler straum og bølger. supert!
Audun likte godt å ver styrmann på skuta som var i barnebassenget.
Her prøver dei ei av silene i barneavdelinga. Den var ikkje utfordrande nok for storebror, so han og pappa prøvde dei fleste silene rundt om i badet. Det gjekk so spruten stod boksttaveleg talt! Måtte berre haa med bilde av denne katten som bodde i nabovogna. Det var den suraste og sintaste katten vi har sett. Rett nok fekk Kristian klappe den, men han var ein av dei få. Audun meinte den freste, og sa "pus tint" kvar gong han såg den......, og vi døpte den derfor "Sinte-pus" Motorsyklane var sjølvsagt med på tur, og vart flittig brukt. Her er der Audun og Leon som er ute på ein av sine utallige turar. Nokre av turane gjekk til hundeluftegården, andre gjekk til bossdunkane eller til og med nesten inn på butikken.....! Ikkje noko å sei på lysta til å utforske verden iallefall.Til slutt vil øss berre sei fortsatt god sommer til alle som er innom sida vår.

7 kommentarer:

Anonym sa...

Så flotte feriebilder. Ser ut som dåkke hadde en super tur med masse fint vær og godt selskap. Og veldig kjekt med oppdateringer på bloggen. Lenge sia 17. mai no veit du...Ha en fortsatt fin sommer.

Solveig sa...

For en super ferie dåkke he hatt! Såg kjempekjekt ut! :-)

Anonym sa...

Såg ut som om dokke har hatt en flott ferie med masse opplevelsar og tokarane såg ut til å ha hatt det supert. Ellers kjekt med oppdatering for oss som fær å snika innpå :). God sommar videre. Klems frå Hofset.

Siv sa...

Såg ut til at dåkke he hatt det supert, ja! Åsso for ein flott pus da! Den stod det respekt av ;)

Anonym sa...

For en flott tur dåkke he hatt då! Sikker på gutane leve lenge på dette! Det var fole kjekt å møte dåkke i Lillehammer:)

Anonym sa...

ja øss hadde det heilt supert på tur. gler øss allereie til neste år! kosa øss masse elle fire, og det var supert å treffe litt kjentfølk her og der.
kjekt å få etlite pip frå hofset også då!!!! Håpe såkke he det bra alle sammen.

Anonym sa...

Flotte feriebilder, ser ut til dokke he hatt det kjekt. Men oss som har gått heime heile ferien syntest det var fole kjekt å få dokke heimat :o)