I dag var mamma Julianne og Audun på Barseltreff på bygdastova. Barseltreff har vi kvar 14. dag, og er eit supert tilbod for alle som har fått eit lite sjarmtroll i 2006, og for dei som etterkvart kjem til i 2007. Borna koser seg, leiker og utforsker både det eine og det andre. Mødrene slår av ein liten prat, drikk kaffi og koser seg med god mat, kaker, kjeks, gjærnakst osv...nam nam. Til slutt går vi ein lang og frisk trilletur....utpå Håneset. Og no skal vi få oss ei postkasse med idrettslaget som vi kan skrive oss opp i!!!! Flott.
På bildet ser du Audun og nabojenta/besteveninna Mathea som leiker seg fint i lag!!!!!
4 kommentarer:
So heldige dåkke e so kan fare på barseltreff då! Det va so koselig å ver på barsel. Tenkte på dåkke i går. Ej og ho Thea sakna barselgruppa allereie! Sei frå viss dåkke plutselig flytta barselen til laurdaga :)
Blir litt misunnelig - bruker berre å få unger når alle andre har pause i produksjonen eg...Ha en super tur til Bjorli! Klem Stine
Akkurat dinna biten der, kjenne eg at eg godt kunne tenke meg å vere med på ;)
Dåkke to e no berre dei nusseligaste babyane ej he sett på lenge!!!! Bli no heilt verpesjuk ej!!!;)
Legg inn en kommentar